Den 03.12.2013 10:12, skreiv Eivind:
Framifrå. Eg fylgjer heilt sikkert ikkje godt nok med, men det var nytt for meg at meg at du hadde Libreoffice-omsetjingane. Eg vil ikkje anna enn å sende nokre venlege ord og takk for jobben herifrå. Eg har ingen synspunkt på ordendringa i formlar, men synest i alle fall det er bra at du tek ein gjennomgang på resten av språket. Flott!
Helsing
Eivind Ødegård (omsetjar for WordPress, Ardour og litt anna)
Takker for hyggeleg tilbakemelding. Nei, det er ikkje så enkelt å følgja med alle som deltar. Er nå ferdig med UI for LibreOffice nn. Dvs. alt som eg er nokolunde sikker på. Det er jo ikkje alltid like greit å vite kva "Index" og liknande står for i alle samanhengar. Må vente til neste oppdatering. Skal sjå på dei nye formlane, men den diskusjonen tar eg i i18n-no. Helsing Kolbjørn
Den Mandag, 2. desember 2013 14.45 skrev Kolbjørn Stuestøl kolbjoern@stuestoel.no:
Ut frå tidlegare diskusjonar har eg endra alle "DERSOM" i formlar til "VISS" i betautgåva av LibreOffice 4.2. Endringane blir ikkje synlege før neste utgåve (trur eg), dersom du ikkje byggjer programmet sjølv. Sjølvsagt er det ikkje noe problem å endra VISS tilbake til DERSOM dersom dette er ønskjeleg. (Ja, til vanleg brukar eg sjølv "dersom" når eg skriv).
Hoppet frå versjon 4.1 til 4.2 er såpass stort at eg reknar dette for ei høveleg tid for å endra ordvalet. Sidan det er nokså mykje nytt i denne versjonen, har eg nytta høvet til å tilpassa språket til rettskrivingsnormalen og rettningslinjene og såleis gjera språket meir konsekvent. (Finn t.d. blandingar av både legge, legga, leggje og leggja; lagra, lagre; bare, berre; bli, vert osv. i tekstane). Men mykje står igjen. Trass alt inneheld den engelske versjonen ca. 96 000 ord som skal omsetjast og/eller gjennomgåast. ("Bare" 4 630 ord som ikkje er omsette akkurat nå).
I versjon 4.2 er det også innført ein del nye formlar, men omsetjinga av desse, både nb og nn, får eg heller koma tilbake til. Kan ikkje spreia meg på for mange ting. Andre som kan sjå på dette? Helsing Kolbjørn Stuestøl
E-postlista i18n-nn i18n-nn@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn _______________________________________________ E-postlista i18n-nn i18n-nn@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn