Hei.
Eg har ikkje lyst å leggje opp til ein stor strid, men sette spørsmålsteikn ved retningslinjene til nynorsk omsetting av programvare.
Slik det er i dag så må vi bruke a-infinitiv på verb. Dvs. å skrive «å informera» i staden for «å informere». Eg forstår at nokre målføre, spesielt på vestlandet, har a-infinitiv og andre har kløyvd infinitiv (a-infinitiv på korte verb, e-infinitiv på resten). Men eg klarer ikkje å skjøne kvifor vi må omsette all programvare til a-infinitiv når e-infinitiv er eit meir logisk val ettersom det er kva lærebøkene bruker og det alle på den norske skolen lærer når dei lærer nynorsk.
Nokre program som er brukt av mange, f.eks. Mozilla Firefox og Microsoft Windows si nynorskomsetting bruker ikkje a-infintiv, men e-infinitiv. Om eg ikkje tek feil så bruker kontorpakka OpenOffice.org si nynorskomsetting òg e-infinitiv.
Eit problem med å leggje om vil vere at tidlegare program bruker a-infinitiv og om vi byter over så vil det vere inkonsekvent. Derimot vil eg påstå at det vil på sikt føre til at nynorskomsettinga blir meir attraktiv. I dag så kan ein lett få inntrykk av at nynorsken er veldig konservativ og ikkje reflekterer korleis den jamne nynorskbrukaren ser på og bruker nynorsk.
Håpar dette ikkje dannar ein flame-war. Det er ikkje formålet med e-posten.
Mvh. Torstein Adolf Winterseth, medlem av GNOMEs omsettingslag
__________________________________________________ Bruker du Yahoo!? Lei av spam? Yahoo! Mail har den beste spambeskyttelsen http://no.mail.yahoo.com