Måndag 8. februar 2010 skreiv Torstein Winterseth:
Eg var nysgjerrig om det engelske «to rip» (om musikk-CD-ar) kunne omsettast til «å rippa». Dersom det ikkje er tilfelle, kva skal eg bruke i staden?
Det er ikkje det verste lånordet, men eg synest me bør unngå det. Det finst fleire alternativ; kven av dei du skal bruka avhenger av samanhengen, og korleis «rip» vert presentert i det aktulle programmet:
kopiera, ta opp, opptak, overføra, lagra
Ein knapp som seier «Rip» i programmet kan for eksempel heita «Kopier lyd», eller kanskje «Overfør». Viss du høgreklikker på eit CD-spor og får valet «Rip to MP3», kan du omsetta dette til «Lagra som MP3». Viss det er snakka om å «rippa» data frå ein lydstraum (for eksempel ei radiosending) kan knappen for dette heita «Start opptak».