Hei
Eg skal prøve å samle litt av det omsetjarane gjorde på samlinga i helga. Eg har dessverre ikkje full oversikt, så viss det er noko som manglar eller er direkte feil, så må aktuelle partar rette meg. Eg for min del har jobba med å gjere ferdig omsetjing av programma og debconf-delen av programma til 2. trinnet i debian-installer. Liste over desse programma finn du her [1].Status for norske omsetjingar finn du her [2] og her [3].
Apt og dpkg er ferdig omsett til nynorsk og har vore det lenge. Men dpkg ligg framleis i Debian sit bug-system, og er difor ikkje med i statistikken. Vi treng nokon som kan få litt fart i vedlikehaldaren av dpkg så han kan få det inn ved neste versjon. Eg er no snart ferdig med aptitude på nynorsk. Axel starta i helge med å omsetje til bokmål. Malfilene til desse programma skal finnast i skolelinux-cvs etterkvart. Dei skal vera under i18n/other/templates/debian Jørgen jobba med omsetjing av kde-edu. Vi har til dømes gjort ein god jobb med å finne på gode ord til khangman. I følgje rykta, så var orda i kategorien vanskeleg so pass vanskeleg at forfattaren sjølv ikkje klarte å unngå å bli hengt. Vigdis har jobba med koffice på nynorsk. Det står framleis nokre timar arbeid igjen der. Herman har jobba med litt ymse, blant anna debugging og forbetring av floppyfw. Elles jobbar han med å få ut ein norsk versjon av cinelerra. Gaute har jobba med kde trur eg. Han har iallefall retta på ein del ord slik at det er konsekvent bruk i alle program. Håpar det var nokelunde rett oppfatning av det som hendte i helga.
Helsing Håvard
[1] http://people.debian.org/~seppy/d-i/2nd-stage/packages-list [2] http://people.debian.org/~seppy/d-i/2nd-stage/nn.txt [3] http://people.debian.org/~seppy/d-i/2nd-stage/nb.txt
Håvard Korsvoll korsvoll@skulelinux.no skreiv i innlegget news:3568.193.90.168.118.1080560493.squirrel@init.linpro.no:
Vi har til dømes gjort ein god jobb med å finne på gode ord til khangman.
Ligg desse i CVS? Ev. kor?
Er dei kanskje eigna for gjenbruk i Tux Typing? (Og er kanskje òg nokre av ordlistene i Tux Typing nyttige for khangman?)
I følgje rykta, så var orda i kategorien vanskeleg so pass vanskeleg at forfattaren sjølv ikkje klarte å unngå å bli hengt.
:)
Onsdag 31. mars 2004 20:30 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Håvard Korsvoll korsvoll@skulelinux.no skreiv i innlegget news:3568.193.90.168.118.1080560493.squirrel@init.linpro.no:
Vi har til dømes gjort ein god jobb med å finne på gode ord til khangman.
Ligg desse i CVS? Ev. kor?
i18n/head-kde-i18n/nb/data/khangman/
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200403312038.59820.gaute@verdsveven.com:
Vi har til dømes gjort ein god jobb med å finne på gode ord til khangman.
Ligg desse i CVS? Ev. kor?
i18n/head-kde-i18n/nb/data/khangman/
Takk. Eg har no tatt med nokre av orda her i Tux Typing- ordlistene, samt fiksa eit par stavefeil.