Dei norske omsetjingane av OpenOffice.org er no klare i ny versjon, og kan lastast ned frå <URL: http://www.openofficeorg.no/ >.
Nytt sidan sist er språkvask (mest på bokmål) og ein god del småfiksing. Vidare framover er planen å oppdatera omsetjinga i høve til den nye versjonen av OpenOffice.org som skal vera ferdig i sommar.
Omsetjinga er organisert og finansiert av Skulelinux og Akershus, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag fylkeskommunar.
I dag er representantar for fylkeskommunane og Skulelinux på møte med Utdannings- og forskingsdepartementet med tanke på eventuell statleg medverknad. Det vert spennande å sjå korleis det går.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes