Lokalize har no fått støtte for jamføringsomsettingar i trunk-versjonen. Støtta foregår ved hjelp av nokre hjelpeskript, som automatisk opnar eit nytt Lokalize-vindauge med omsettinga for den andre språkforma, og sørgjer for at denne er synkronisert når ein hoppar mellom oppføringar.
Denne løysinga er betre enn den gamle i KBabel, då kvart vindauge no har sitt eige prosjekt, med eigne innstillingar (for eksempel omsettingsminne).
For å arbeida med bokmålsomsettinga, men ha nynorsk som hjelpespråk, er det berre å opna prosjektfila
i18n/kde4/summit/nb/index.ktp
i SVN og velja skriptet frå «Prosjekt»-menyen. Prosjektfila kan ein for øvrig bruka sjølv om ein har ein gammal versjon av Lokalize, for automatisk å setta opp rett mapper for språket ein arbeidar med, men ein får du sjølvsagt ikkje noko jamføringsomsetting å forholda seg til.