No når me har skifta til Subversion, har det blitt enklare å rydda opp i filene våre. Eg har i løpet av helga gjort mykje med KDE-filene. Det står att å flytta dei frå «head-kde-i18n» til det enklare namnet «kde», men elles er alt nedanfor gjennomført. (Eg er ikkje sikker på kor lurt det er å flytta heile mappa under beina på dei som sit og omset, så det er kanskje best å venta litt ...)
KDE-omsetjingane skal flyttast til:
/trunk/i18n/kde
Dette er KDEs trunk, som for tida inneheld både KDE 3.5 og alle andre program som følgjer sine eigne utgjevingsplanar (t.d. kdeextragear* og koffice). Når KDE 3.5 blir flytta til ei stabil grein i KDE, vil eg vurdera om vår i18n/kde skal delast i to. Då vil det i så fall vera lettare å synkronisera omsetjingane.
Hugs at malfilene til grensesnittet no ligg under templates/messages, og ikkje rett under templates som før. Dei som brukar kataloghandsamaren i KBabel må endra på innstillingane her. Hjelpefilene ligg i docmessages, og ikkje lenger i messages/docs.
Eg har fjerna ein god del gamle filer som mangla malfil. Dette er filer som anten er fjerna eller flytta i KDE. (Viss eg har fjerna for mykje, er det ikkje så vanskeleg å rydda opp i det seinare.)
KDE 2.2.2, som låg i i18n/kde-i18n er no flytta til:
/branches/i18n/kde_2.2.2
KDE 3.3, som vert brukt i Debian Sarge, ligg no i:
/branches/i18n/kde_3.3
Det er ikkje sett opp automatisk byggjing av språkpakkar frå desse greinene, slik me tidlegare hadde for KDE 2.2.2.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
På Sun, 16 Oct 2005 14:02:42 +0200, skrev Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com:
KDE-omsetjingane skal flyttast til:
/trunk/i18n/kde
No er det gjort. Statistikksidene er òg flytte til http://developer.skulelinux.no/~gautehk/postat/kde/
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes