To filer vart øydelagde då filtenaren på Time gjekk full sist helg. Den eine fila lot seg enkelt gjenoppretta, det var nn/messages/docs/kdebase/klipper.po. Den andre var nn/messages/cupsdconf.po, som Jakob arbeidde med. Denne fila var heilt øydelagd, men gjennom heroisk innsats frå Finn Arne og Ole Christian fekk me henta ut omsetjingsdatabasen til KBabel.
cupsdconf.po manglar framleis eit par strengar, men det meste er no gjenoppretta.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes