Godtfolk. Eg har nett installert siste Ubuntu, og prøver å bidra litt. Eit problem eg ikkje har støtt på før er at når eg lastar Evolution-po inn i KBabel, går det no frykteleg tregt. Det gjer eigentleg KBabel sånn i heile tatt no, men det skjer spesielt med Evolution, sidan den fila er ekstra stor (>4000 strengar). Når eg går til ein viewport KBabel ikkje er på, og så tilbake, tek det svært lang tid før KBabel teiknar opp grensesnittet på nytt eller reagerer på noko som helst unntatt kill. Er det andre som opplever det, eller er det noko rart med mitt oppsett?
$ kbabel --version Qt: 3.3.4 KDE: 3.4.3 KBabel: 1.10.2
PO-fil: http://l10n-status.gnome.org/gnome-2.14/PO/evolution.HEAD.nn.po
Sundag 01 januar 2006 14:22 skreiv Åsmund Skjæveland:
Godtfolk. Eg har nett installert siste Ubuntu, og prøver å bidra litt. Eit problem eg ikkje har støtt på før er at når eg lastar Evolution-po inn i KBabel, går det no frykteleg tregt. Det gjer eigentleg KBabel sånn i heile tatt no, men det skjer spesielt med Evolution, sidan den fila er ekstra stor (>4000 strengar). Når eg går til ein viewport KBabel ikkje er på, og så tilbake, tek det svært lang tid før KBabel teiknar opp grensesnittet på nytt eller reagerer på noko som helst unntatt kill. Er det andre som opplever det, eller er det noko rart med mitt oppsett?
Det går kjempekjapt her. Eg brukar ein nyare KBabel.