Hei
Ein del markeringspråk for dokumentproduksjon (DITA, LaTeX) opererer med «glossary group». DocBook har 'glossdiv' for omlag det same.
Ei «glossary group» er, slik eg forstår det, er ein del av ei større ordliste med sin eigen tittel. Eit typisk døme kunne rett og slett vera det at det står ein «A» til overskrift over orda som byrjar på bokstaven a. (Dei fleste større ordlister har slike titlar for å markera kvar ein ny bokstav byrjar, og dei fleste ordlister er med andre ord alfabetisk grupperte ordlister.)
Eit anna døme kunne vera gloselista for ein artikkel i ei bok - ei slik gloselista kan stå for seg sjølv saman med teksta, eller ho kan (i tillegg) setjast saman med andre «glossary group»-element for å skapa eit/ei komplett (temaordna) glossar/ordliste.
Ei slik glossary group kan dermed både vera si eiga lita ordliste - for seg sjølv, og ho kan vera del av ei større ordliste. (Slik er det iallfall i DITA.)
Som omsetjing har eg landa på ordet «ordlistesekvens» - det kan fungera som uttrykk både for ein sjølvstendig/laus ordlistesekvens og som eit uttrykk for ein sekvens i ei større ordliste. Andre framlegg/ord i bruk?
Leif Halvard Silli