Åsmund Skjæveland asmund.skjaveland@bio.uio.no skreiv:
Eg vil gjerne i gang med ein språkvask dei nynorske omsetjingane av GNOME. […] Eg vil i utgangspunktet ta for meg GNOME HEAD, og evt. dytta endringar tilbake til eldre utgåver i etterkant. Har de nokon synspunkt?
For det fyrste: Flott at du set i gang! Eg dreiv ein smule med dette tidlegare, men etter at det ikkje hende noko med omsetjingane eg prøvde å sende inn (ikkje til deg), engasjerte eg meg i staden for i KDE, som er det eg brukar no. Så eit tips: Hadde eg vore deg, ville eg ha sjekka ut skulelinux-svn. På den måten kan du sjekke usikre ord og uttrykk mot KDE-omsetjinga, og ev. melde frå dersom det er ting du finn der som du synest verkar feil/merkeleg. På den måten får vi som omset KDE og GNOME nytte av kvarandre og mest mogleg lik terminologi, sjølv om vi frå før har både fellesordliste og retningslinjer. Ja, for du kjem vel òg til å bruke dei som grunnlag for omsetjing og korrektur?
Lukke til!
– Eirik U. Birkeland