Eg har byrja å setja om Chromium til nynorsk på https://translations.launchpad.net/chromium-browser/translations/+lang/nn, men så er eg ikkje sikker på om desse omsetjingane vert tekne med i nyare versjonar av programmet. Eg klarar heller ikkje å finna ut kor eg kan endra språk i Chromium i Linux. Veit nokon her noko om dette?
Helsing Ola Haugen Havrevoll
on. den 16. 01. 2013 klokka 16.07 (+0100) skreiv Ola Haugen Havrevoll:
Eg har byrja å setja om Chromium til nynorsk på https://translations.launchpad.net/chromium-browser/translations/+lang/nn, men så er eg ikkje sikker på om desse omsetjingane vert tekne med i nyare versjonar av programmet. Eg klarar heller ikkje å finna ut kor eg kan endra språk i Chromium i Linux. Veit nokon her noko om dette?
Chromium brukar så vidt eg kan sjå automatisk språkval, liks med nesten alle andre Linux-program. Å endra LANGUAGE-variabelen har iallfall effekt. Eg har sett han til «nn:no:nb:da:en_GB:en@quot», og får Chromium på bokmål (dvs. tredjevalet mitt).