Kva kallar med eit «array» på norsk i disk-/RAID-samanheng? Eg har vel inntrykk av at ein mest brukar det engelske ordet, som ein ofte gjer i slike miljø, men eg synest me godt kan ha eit norsk omgrep.
Wikipedia på bokmål og riksmål brukar «matrise» (https://no.wikipedia.org/wiki/RAID), men det synest eg høyrest ut som ei feilomsetting. «Array» kan vera ei matrise i matematikk- og programmeringssamanheng, men det passar vel ikkje for RAID? Ser òg diskrekke har blitt brukt, eks. https://www.dell.com/support/kbdoc/no-no/000132392/fremgangs-m-aring-te-for-.... Store norske leksikon ser ut til å rett og slett bruka «RAID-gruppe»/«gruppe» (https://snl.no/RAID_-_datalagring), viss eg har forstått artikkelen rett. Det høyrest jo ganske enkelt og greitt ut.
Synspunkt?
Eksempel på tekst eg skal omsetta, er «Manage RAID arrays» og «Authentication is required to remove a device from a RAID array».
[Karl Ove Hufthammer]
Kva kallar med eit «array» på norsk i disk-/RAID-samanheng?
Jeg bruker ofte RAID-sett om dette.
Eksempel på tekst eg skal omsetta, er «Manage RAID arrays» og «Authentication is required to remove a device from a RAID array».
«Administrer RAID-sett» eller «styr RAID-sett» og «Autentisering kreves for å fjerne en enhet fra et RAID-sett»
Petter Reinholdtsen skreiv 23.05.2022 19:42:
[Karl Ove Hufthammer]
Kva kallar med eit «array» på norsk i disk-/RAID-samanheng?
Jeg bruker ofte RAID-sett om dette.
Ja, det var jo kort og greitt! Likte det, og brukar det – med mindre nokon andre har innvendingar.
Eg kan stadfeste at "sett" har vore brukt om RAID-array på norsk. Konkret var ordet "stripesett", om raid 0. Elles er eg samd i ordet, og "gruppe" er heller ikkje dumt.
Helsing Eivind Ø.
Sett er best.
Synes at rekke er bra, mens gruppe er upresist.
Fx: RAID 1 består av to sett / to rekker. Men er RAID 1 en eller to grupper? Gruppe omfatter jo vanligvis "alle" ikke bare delmengder av "alle".
Thomas
On Mon, 23 May 2022, Eivind Ødegård wrote:
Eg kan stadfeste at "sett" har vore brukt om RAID-array på norsk. Konkret var ordet "stripesett", om raid 0. Elles er eg samd i ordet, og "gruppe" er heller ikkje dumt.
Helsing Eivind Ø.