Har me eit godt norsk ord for «push notifications»? Her er eit eksempel på ein tekst:
There is a 3rd party push notification service running. Push notifications are available, but cannot be configured here.
I NAOB (deskriptiv ordbok) finn eg faktisk «pushvarsel»: https://naob.no/ordbok/pushvarsel
Men eg likar ikkje ordet. «Push» er jo rein engelsk. Og eg meiner generelt at «varsel» er ei feilomsetjing av «notification», sjølv om det er mykje brukt (på bokmål). Eit «varsel» vert gjeven på førehand (jf. dei offisielle ordbøkene https://ordbokene.no/bm,nn/search?q=varsel&scope=ei), så det rette må vera «varsling» (eller «signal», «melding» e.l.). (Eg har alltid brukt «varsling» i staden for «varsel» i omsetjingane mine.)
ChatGPT foreslår bare ordet "varsling" når det gjelder notifikasjoner i forbindelse med apper :)
1.
Varsling: Dette ordet kan brukes når man ønsker å beskrive handlingen med å varsle noen om noe, for eksempel ved å sende en notifikasjon til en app-bruker.
Med vennlig hilsen Dan Åsen Hansen
man. 20. feb. 2023 kl. 21:49 skrev Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org:
Har me eit godt norsk ord for «push notifications»? Her er eit eksempel på ein tekst:
There is a 3rd party push notification service running. Push notifications are available, but cannot be configured here.I NAOB (deskriptiv ordbok) finn eg faktisk «pushvarsel»: https://naob.no/ordbok/pushvarsel
Men eg likar ikkje ordet. «Push» er jo rein engelsk. Og eg meiner generelt at «varsel» er ei feilomsetjing av «notification», sjølv om det er mykje brukt (på bokmål). Eit «varsel» vert gjeven på førehand (jf. dei offisielle ordbøkene https://ordbokene.no/bm,nn/search?q=varsel&scope=ei), så det rette må vera «varsling» (eller «signal», «melding» e.l.). (Eg har alltid brukt «varsling» i staden for «varsel» i omsetjingane mine.)
-- Karl Ove Hufthammer
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
[Karl Ove Hufthammer]
Har me eit godt norsk ord for «push notifications»? Her er eit eksempel på ein tekst:
Hva med varianter rundt 'beskjed' eller 'melding', som 'å gi beskjed' og 'å hente beskjed', for henholdvis 'push notification' og 'pull notification'?
Liker heller ikke bruken av push og pull på norsk. I dørsammenheng brukes vel 'skyv' og 'dra' for tilsvarende. I git-sammeneheng har jeg brukt 'send inn' og 'hent' med litt omskrivning av setninger.
Nokre tankar:
Har me døme på push notification-tenester på norsk? Etter mitt syn kan trafikkmeldingsystem vera eit slikt døme. Eit trafikkmeldingssystem er eit system du må melda deg på før du mottek varslingar. Kanskje kan du også velja kva vegar/område du vil få trafikkmeldingar ifrå. Og eg oppfattar det slik at eit push notification system er eit varslingssystem som krev påmelding – du må fyrst godta/ynskja å få varslingar, før meldingane vert pusja på deg.
Så difor kunne ein ha kalla eit slikt system for eit «påmeldingssystem for varslingar». Eller eventuelt eit uttrykk som inkluderer ordet «abonnement» eller «tinging». Eller «påmeldingsteneste for varslingar». Det ligg i det å tinga/abonnere/vera påmeldt til noko at det ikkje er abonnenten som avgjer kva tid det kjem noko ifrå abonnementstilbydaren. Varslingsteneste er også fint. I Apple sitt MacOS har me eit «Varslingssenter». Men dette er vel meir eit visingssystem for varslingar – som so kan visa varslingar/push notifications.
Med dette i mente, her er nokre framlegg til omsetjing av tekstdømet:
Ei varslingsteneste frå tredjepart er aktiv. Varslingar er tilgjengelege, men kan ikkje setjast opp her.
Alternativ 2:
Ei meldingsteneste frå tredjepart er aktiv. Meldingar er tilgjengelege, men kan ikkje setjast opp her.
Alternativ 3:
Ei abonnementsteneste for varslingar er aktiv. Varslingar er tilgjengelege, men kan ikkje setjast opp her.
Gjeve det ordskiftet som alt har vore i denne tråden, gissar eg på at «varslingsteneste» er mest aktuelt – det høver òg fint med t.d. MacOS sitt «Varslingssenter». Men det fine med alternativ 3 ovanfor, er at brukaren også vert klar over at han/ho kan løysa «varslingsvarselet» ved å avbestilla abonnementet på varslingstenesta.
Kva ligg forresten i «**tredjeparts** varslingsteneste»?
Leif Halvard Silli
Den 2023-02-20 21:48 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Har me eit godt norsk ord for «push notifications»? Her er eit eksempel på ein tekst:
There is a 3rd party push notification service running. Push notifications are available, but cannot be configured here.
I NAOB (deskriptiv ordbok) finn eg faktisk «pushvarsel»: https://naob.no/ordbok/pushvarsel
Men eg likar ikkje ordet. «Push» er jo rein engelsk. Og eg meiner generelt at «varsel» er ei feilomsetjing av «notification», sjølv om det er mykje brukt (på bokmål). Eit «varsel» vert gjeven på førehand (jf. dei offisielle ordbøkene https://ordbokene.no/bm,nn/search?q=varsel&scope=ei), så det rette må vera «varsling» (eller «signal», «melding» e.l.). (Eg har alltid brukt «varsling» i staden for «varsel» i omsetjingane mine.)
Leif H Silli skreiv 24.02.2023 13:14:
Så difor kunne ein ha kalla eit slikt system for eit «påmeldingssystem for varslingar». Eller eventuelt eit uttrykk som inkluderer ordet «abonnement» eller «tinging». Eller «påmeldingsteneste for varslingar». Det ligg i det å tinga/abonnere/vera påmeldt til noko at det ikkje er abonnenten som avgjer kva tid det kjem noko ifrå abonnementstilbydaren. Varslingsteneste er også fint. I Apple sitt MacOS har me eit «Varslingssenter». Men dette er vel meir eit visingssystem for varslingar – som so kan visa varslingar/push notifications.
Med dette i mente, her er nokre framlegg til omsetjing av tekstdømet:
Ei varslingsteneste frå tredjepart er aktiv. Varslingar er tilgjengelege, men kan ikkje setjast opp her. […]
Takk for god diskusjon. Eg enda opp med å bruka «varslingsteneste», som du føreslo, og omskrivingar av dette. «Push provider» vert altså «varslingsteneste», mens «push notifications» vert «varslingar frå varslingsteneste» (eller berre «varslingar» dersom «push»-delen er underforstått).
Her kan ein lesa litt meir om korleis det heile er meint å fungera: https://www.volkerkrause.eu/2022/11/12/kde-unifiedpush-push-notifications.ht...