Eg prøver meg på ei oppsummering:
* «Endepunkt» er ei etablert omsetjing av «endpoint» i API-samanheng. * Det kan òg brukast i maskinvaresamanheng. * Eventuelt kan det vera aktuelt med omskrivingar med «kant-» i maskinvaresamanheng. * Sluttpunkt bør helst brukast om noko som *tidsmessig* har ein slutt.
Ut frå dette føreslår eg at me standardiser på «endepunkt» og fører opp følgjande i fellesordlista:
endpoint, end point → endepunkt (både i API-, maskinvare- og geometrisammenheng)
OK?
Så kan det alltids vera i /nokre/ samanhengar at det finst andre ord (eller omskrivingar) som passar betre, og då står ein sjølvsagt fritt til å bruka desse, men dette vert altså standardomsetjinga. Ser òg «endepunkt» er brukt ein del på norske nettsider, så det ser ut til å stemma at omsetjinga er godt etablert. Eg synest eigentleg «kant-» er ei god og lettforståeleg omsetjing i maskinvaresamanheng, men det bør nok reserverast til tilfelle der ein snakkar om ei spesifikk eining, for eksempel ein kantruter, og ikkje «endpoints» generelt. Og slike tilfelle er nok sjeldne i omsetjingane våre.
Når det gjeld kommentaren om at «sluttpunkt» ikkje står i Nynorskordboka og Bokmålsordboka, merk at ordet /står/ i NAOB: https://naob.no/ordbok/sluttpunkt
Men eg er einig i at «endepunkt» kan vera betre, så eg skal endra det i omsetjingane eg er ansvarleg for (der det er aktuelt – det kan vera unntak der «sluttpunkt» e.l. fungerer best).
Karl
Johnny A. Solbu skreiv 27.06.2026 12:28:
On Saturday 27 June 2026 11:01, John-Ivar Eriksen via l10n-no wrote:
- juni 2026 kl. 01:06 skrev Petter Reinholdtsenpere@hungry.com:
End router kalles vel kantrouter på norsk, og poenget er vel at dette er i ytterkanten av tjenestens utbredelse, det vil si der en kobler seg opp. Kanskje kantkoblingspunkt eller tjenestekant kan være brukbart?
I alle tilfeller jeg har vært borti det som tilsvarer endpoint, har vi brukt endepunkt, både på skole (dataingeniør, NTNU) og i jobb.Jeg jobber med IT i statlig sektor, så vi benytter en del norske ord. Endepunkt, som i API endpoints o.l. er meg bekjent etablert.
Dette er også et ord vi bruker i dagligtalen, så det er ikke bare et «på papiret» norsk faguttrykk.
I alle mine år som databruker siden 1993 har jeg aldri hørt ordet kantruter, eller de andre to. Et googlesøk på «kantruter» gir hele 7 treff, så det er ikke i noe utstrakt bruk. Og i nesten alle de 7 treffene handler dette om en spesifik IPv6-teknologi fra «Thread Group» som visast nok har holdt på med dette siden 2014.
Jeg ville nok også bruke «endepunkt» i disse tilfellene.