Hyggeleg at forumet er tibake igjen.
Den 23.03.2015 19:19, Kjetil Torgrim Homme skreiv:
On Fri, 2015-02-13 at 18:41 +0100, Kolbjørn Stuestøl wrote:
Kva skal funksjone AGGREGATE heite på norsk? Funksjonen finst i LibreOffice Calc, men er ikkje forklart i hjelpseksjonen. Exel har omsett han med MENGDE. (Sjå https://support.office.microsoft.com/nb-no/article/Funksjonen-MENGDE-991c9ad...).
MENGDE er etter mi meining ei uheldig omsetjing som forvirrar meir enn ho klargjer. MENGDEOPERASJON ville vere marginalt betre.
kva versjon av LibreOffice? eg finn det ikkje i min kopi (4.1).
Det er ei stund sidan dette spørsmålet blei send til lista, så kva versjon eg brukte då, hugsar eg ikkje, men truleg 4.3 eller 4.4. (Eg bruker som oftast siste versjon eller "prerelease" pga. omsetjinga). Opna Calc og klikk på funksjonsvegvisaren (i formellinja) så kjem lista over funksjonar opp. Eg har ikkje omsett AGGREGATE, så du finn han med dette namnet.
Etter det eg kan sjå, minner funksjonen om DELSUM (SUBTOTAL på engelsk), men har innebygd ein del fleire funksjonar. Bruk: «AGGREGATE(Funksjon; Innstillingar; Ref1 eller tabell; Ref2..n eller k1; Ref2..n eller k2; …)» I forklaringa i LibreOffice heiter det:
Nynorsk: «Reknar ut ei aggregering (eit spesielt samandrag) i eit rekneark.» Bokmål: «Regner ut en aggregering i et regneark.» Engelsk: "Calculates an aggregate in a spreadsheet."Ikkje så mykje å bli klok på. For meg betyr "aggregate" ei opphoping/oppsamling eller noe liknande, men engelskkunnskapane mine og kunnskapane om rekneark er kanskje ikkje heilt det dei burde ha vore.
i databaser vert funksjonar som tek ei mengde som inndata og returnerer eitt tal kalla aggregerande funksjonar. lista hos Microsoft viser dette. AVERAGE, SUM, MIN, MAX osv. er vanlege eksempel (som også finnest som eigne funksjonar i Excel og LO Calc), men som du ser har dei ikkje så mykje felles i bruksområde.
om LibreOffice' implementasjon av AGGREGATE samsvarar med Excel, vil eg helle mot at det er betre å kopiere deira omsetjing, uansett kor dårleg ho er.
Det kan sjå ut som AGGREGATE i LibreOffice tilsvarer så nokolunde den eine funksjonen MENGDE i Excel, men må studere dette nærare. Er vel eigentleg utanfor kompetanseområdet mitt dette, så håper på hjelp frå andre som kan dette. Vil jo helst ha så korrekt språkbruk som råd er i dei norske utgåvene (nb og nn). Dei fleste får vel opplæringa si i Excel, så du har (diverre) rett.
alternativt vil eg foreslå SAMLE() som nytt namn på ein slik meta-funksjon.
Kanskje ei betre løysing?
Helsing Kolbjørn