Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com writes:
Då forstår eg ikkje kvifor du protesterer mot at "charset" vert omsett med "teiknsett".
'UTF-8' er ein lovlig verdi for parameteren 'charset', men 'UTF-8' er ei teiknkoding, og ikkje eit teiknsett.
I praksis er det både eit teiknsett og ei teiknkoding, sidan det kun vert brukt saman med ISO 10646, men eg forstår kva du meiner.
For øvrig protesterer eg ikkje mot at 'charset' blir omsett til 'teiknsett', men eg protesterer mot at 'charset' blir omsett i det heile tatt. 'charset' er eit reint syntaktisk namn *utelukkande* brukt om 'charset'-parameteren til 'Content- Type'-headaren i HTTP (og andre protokollar). Å omsetja han er ikkje mulig (HTTP vil ikkje fungera) eller ønskjeleg.
Men å omsetja omgrepa 'Character Set' og 'Character Encoding' er både ønskjeleg og lurt. Desse bør omsetjast til hhv. teiknsett' og 'teiknkoding'.
Jammen, då er vi 100% einige :)
Kjetil T: