Knut Yrvin knuty@skolelinux.no skreiv i innlegget news:200501121821.53815.knuty@skolelinux.no:
onsdag 12 januar 2005, 13:18, skrev Karl Ove Hufthammer:
Ja, og eg synest dette er mykje betre enn «bakstykke». «Bakstykke» forstår eg ikkje, det er eit nytt, konstruert og uforståelig ord.
Hva får deg til å konkludere så raskt?
Det er databasemotor som er det nykonstruerte ordet. "Bakstykke" er minst 13 ganger mer i bruk enn "databasemotor".
Etter det eg kan sjå av lenkjene dine, har du ikkje nemnt eit einaste eksempel der «bakstykke» er brukt i dataprogramsamanheng.
For øvrig var det «motor» eg generelt anbefalte (dette sto i den eine linja mi du ikkje siterte). «Databasemotor» kan me bruka når det er snakk om ein «database backend», mens xxx-motor (eller omskrivingar) kan me bruka i dei fleste andre samanhenger. Og det finst sikkert backend-uttrykk der heilt andre omgrep heller bør brukast.
Begrepet bakstykke blir ofte brukt i forbindelse med våpen. Bakstykket kan inneholde en tennstift eller en mekanisme som fyrer ladningen i våpnet. På hånvåpen sitter tennstiften som regel i sluttstykket.
Heldigvis er det sjeldan me omsett våpenterminologi i fri programvare. Om me skulle komma til å gjera dette, skal me sjølvsagt ikkje bruka «databasemotor» om bakstykket på eit våpen! (Dette heiter for øvrig heiter «breech(ing)» på engelsk.)
bakstykke -> 4900 på google
Eg får berre 381 treff på Google, mot 214 for «databasemotor» (reelt sett er òg dette berre estimat frå Google si sida).
Det vil seia at folk har laga 150 fleire sider om handvåpen og kameraer enn om databasemotorar. Eg ser ikkje at korleis du kan meine dette skal bety at «bakstykke» er eit godt ord for omsetting av «backend»-ar i ymse typar dataprogram.