Hei!
Er det nokon her som tilfeldigvis har ein fullstendig dump av SVN-depotet til Skulelinux? Det var altså der me hadde versjonskontroll på blant anna fellesordlista: http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html
Adressa var developer.skolelinux.no (Subversion) og tidlegare cvs.skolelinux.no (CVS).
Eg har ein *delvis* dump, som eg tok i 2018 (med svnrdump, trur eg), men denne omfattar berre www-mappa. Og det viser seg at blant anna fellesordlista opphavleg låg *utanfor* denne mappa. Den første innmeldinga eg har for fellesordlista, er:
Date: Sun Oct 16 10:23:46 2005 +0000
Move i18n directory to directory with full site name.
Så viss ingen har ein komplett kopi av depotet, er historikken før 16. oktober 2005 gått tapt. I e-postlista finn eg første referanse til fellesordlista i ein e-post frå Axel Bojer i mars 2002. Han skreiv då:
Grunnlaget har vært listene som alt ligger på i18n/skolelinux... Spesielt den danske (den er stor og informativ)., dessuten har jeg sett litt i «mitt dataleksikon» og synset. Hensikten med dette er […]