Jeg har en del profesjonelle fotografer på vennelista på Facebook. Jeg har spurt dem. Kommer tilbake straks en av dem gir et fornuftig svar :)
Med vennlig hilsen Dan Åsen Hansen
lør. 20. jun. 2020 kl. 15:59 skrev Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org:
Hei!
Er det nokon som veit om «burst mode» i fotografisamanheng har ei etablert omsetjing til norsk, eller har forslag til ei omsetjing? Det er altså når kameraet tek mange bilete rett etter kvarandre (for eksempel fem bilete på eitt sekund), og er nyttig ved sportsfotografering og andre situasjonar der ting skjer raskt.
Det er på sett og vis det motsette av intervallfotografering, der ein tek regelmessige bilete med *lang* avstand i tid (for eksempel eitt bilete i timen), gjerne for å laga ein tidsforkorta video.
Førebels har eg kalla «burst» for «biletsekvens», eks. «capture a burst» → «ta ein biletsekvens». Det er eigentleg skildrande nok. Men om det finst eit anna etablert eller betre ord, vil eg gjerne bruka det.
-- Karl Ove Hufthammer
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org