Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com writes:
Eg vil heller av 'verktøy', av same grunngjeving som di mot 'ljos'.
Einig. Er det forresten nokon som oppdaterer ei liste over desse enkeltorda og andre reglar vi har kome fram til? Viss ikkje, kan eg prøve å samanfatte diskusjonen.
Når eg ser 'line', tenker eg på f.eks. 'å gå på stram line' (altså bokmålstydinga). Elles kan det jo òg bli oppfatta som ikkje omsett (engelsk 'line'). :/
Eg brukar "linje" i mi dialekt (ho (sic!) har også fleire hokjønnsord enn normen ;-). Jf. også "linefiske".
Kjetil T.