Petter Reinholdtsen:
[Karl Ove Hufthammer]
Eg prøver å forstå kva du meiner, men synest det er fryktelig vanskelig. Du kan då ikkje alvorlig talt meina at tips om feilstavingar i programvare kan ta livet av dugnadsprosjektet vårt med omsetting, med mindre namn og e-postadresser til tipsaren, samt den bokstavlig teksten dei sendte vert offentliggjort?
Du bagateliserer når du omtaler det som "tips om feilstavingar i programvare".
Ja, eg bagatelliserer, for eg synest ikkje tips om feilstavingar og dårlige språklige formuleringar er noko som må publiserast offentlig med namn, e-postadresser og formuleringane til dei «skyldige». Dei vil jo *hjelpa* prosjektet, ikkje ødelegga, og det er ingen grunn til å «henga dei ut» i offentlige forum, skaffa dei meir reklame-e-post eller generelt gjera ting ubehagelig for dei, noko eit offentlig arkiv vil gjera.
Det vi snakker om er epost til det offisielle kontaktpunktet for oversetterne, og den kan enten være offentlig eller privat. Min oppfatning er at hvis den er privat vil prosjektet bli skadelidende, mens hvis den er offentlig vil prosjektet nyte godt av flere fordeler som følger av etterprøvbarhet og gjennomsiktighet i prosessene.
Kan du forklara på ein god måte, slik at sjølv eg forstår det, påstandane dine, altso korfor:
1 Private tips om språklige manglar og feil fører til at prosjektet vert skadelidande. (Eg vil heller oppfatta det som positivt for prosjektet at me får påpeikt slike feil/manglar.)
2 Offentliggjering av tipsa fører til etterprøvbarheit. Eller, med andre ord, kva meiner du med «etterprøvbarheit» i denne samanhengen?
Og forklar gjerne òg kva som gjer at desse fordelane er so store i forhold til det negative med offentliggjering av tips.
De som tar kontakt på epost til det offisielle kontaktpunktet for oversetterne kan ikke, og skal ikke, forvente at slik kontakt foregår i det private. Oversettelsesaktiviteten foregår i det offentlige rom, og slik bør det etter min mening også forbli.
Det er då ingen som har tatt til orde for at omsettingane ikkje skal foregå i det offentlige rom (noko som uansett ville umulig, sidan dei vert inkludert i fri og open programvare).
De som har problem med å forholde seg til at det som foregår i det offentlige rom er synlig for innsyn fra alle, bør jobbe med seg selv og ikke forvente at verden skal endre seg.
Men den små mengden med tips om språkfeil me får, synest eg det siste me bør gjera er å skuva frå oss dei tipsarane me faktisk får ved å gjera tipseprosessen so ubehagelig som det du skisserer, spesielt når nytteverdien i dette er vanskelig å sjå (iallfall for meg).