Av og til må eg omsetje ting eg ikkje har greie på. I LibreOffice har dei tatt i bruk "redaction" i ei tyding som ser ut til å vere litt spesiell, i alle fall for meg. Definisjonen er:
"Redacting documents blocks out words or portions of a document for authorized use or viewing. Redaction protects sensitive information and help enterprises and organizations to comply with regulations, confidentiality or privacy."
Kva kan denne bruken av "redacting", "redaction" omsetjast med? Ser at i andre samanhengar er "redaction" i LibreOffice omsett med «bearbeiding». Dette passar ikkje her. Eg finn ikkje dette i LibreOffice 6.3, så dette er truleg meint for framtidige utgåver. Helsing Kolbjørn