Tarjei Vagstol tarjei.vagstol@nm.no writes:
Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com writes:
mistar > mister [evt misser]
Nei, mistar er òg korrekt.
sant nok, eg sjekka ordboka no.
konklusjonen min (som vart utelete, og soleis gjorde eposten meiningslaus) var at innanføre eitt og same program lyt ein vera konsekvent i val av jamstilte former. det er sjølvsagt.
trur likevel at det er fornuftig å seia læreboknormalen, punktum, og ikkje bry seg meir om vi/me/verta/bli (i det uendelege... ). når nynorskfolk ikkje har greidd å verta samde om _ei_ form so langt er det liten grunn til å uniformera målet i nynorske dataprogram. det nynorske skjermspråket vil uansett vera meir konsistent enn det språket folk møter i nynorsk litteratur elles.
tarjei