(Spelet Tux Typing kan lastast ned for Linux, Windows eller BeOS på <URL: http://www.geekcomix.com/dm/tuxtype/downloads.shtml >.)
Eg har no klart eit utkast til omsetjing av hjelpetekstane i Tux Typing. Eg sender det her for å få kommentarar på korleis dei kan gjerast betre (feilstavingar, kommafeil, dårlege omsetjingar, gode omsetjingar som kan gjerast endå betre &c.).
I alfabetisk rekkefølgje etter filnamnet:
Bokstavregn
I dette spelet skal du hjelpa pingvinen Tux å få seg eit skikkeleg måltid fisk.
Fiskane fell ovanfrå, og du må fanga dei før dei treff bakken.
Når du har ete nok fisk, går du vidare til neste brett.
Kvar fisk som fell har ein bokstav målt på seg.
For å få Tux til å gå under fisken, slik at han kan eta han, må du trykka på tasten med same bokstav.
A
Viss du ikkje klarer å trykka på tasten fort nok, vil fisken treffa bakken og du mistar eit liv.
Tux er ein veldig høfleg pingvin.
Viss han står i vegen for ein fisk han ikkje har tenkt å eta, vil han flytta seg ...
Kanskje med forferdelege konsekvensar!
Ordsnø
[...]
Grupper med fisk som fell har ord skrivne på seg.
For å få Tux til å gå under fiskane, slik at han kan eta dei, må du skriva inn ordet.
CAT [Det går dessverre ikkje an å omsetja det ordet som fell ned i hjelpeteksten.]
Viss du ikkje klarer å skriva inn ordet fort nok, vil fisken treffa bakken og du mistar eit liv.
Eg fann nokre skrivefeil:
(sett opp i forma er > skal vera)
målt > måla [målt er (bokmåls-)sideform av mælt] trykka > trykkja [trykka er klammeform, og læreboknormalen er nok fornuftig] mistar > mister [evt misser] treff > treffer [lint verb, bøyast treffa, treffer, trefte, treft]
Viss du ikkje klarer å skriva inn ordet
evt "greier" istdf. klarer
tarjei
Burde vi standardisere meir nøye enn læreboknormalen? Eg tenkjer spesielt på om vi skal bruke a- eller e-infinitiv. Eg held ein knapp på e-infinitiv sjølv sidan eg er sunnmøring :-) Kløyvd infinitiv er eg ikkje mann til å skrive rett sjølv.
Kjetil T.
On Sat, Aug 11, 2001 at 01:32:55PM +0200, Kjetil Torgrim Homme wrote:
Burde vi standardisere meir nøye enn læreboknormalen? Eg tenkjer spesielt på om vi skal bruke a- eller e-infinitiv. Eg held ein knapp på e-infinitiv sjølv sidan eg er sunnmøring :-) Kløyvd infinitiv er eg ikkje mann til å skrive rett sjølv.
Eg stemmer også for e-ending i infinitiv. Det første arbeidet som har vorte gjort med systemverktøya er men e-ending, som forsovidt også vart gjort av ein sunnmøring...
KDE er vel gjennomført med a-ending, kva med å halde seg konsekvent til e-ending i Gnome?
Roy-Magne Mo rmo@sunnmore.net writes:
Eg stemmer også for e-ending i infinitiv. Det første arbeidet som har vorte gjort med systemverktøya er men e-ending, som forsovidt også vart gjort av ein sunnmøring...
Det minner meg på:
så eller so verte eller bli først eller fyrst vi eller me ... dette kan verte ei lang liste etter kvart :-)
(eg stemmer for fyrste(!) alternativ i kvart par)
KDE er vel gjennomført med a-ending, kva med å halde seg konsekvent til e-ending i Gnome?
Sidan Karl Ove Hufthammer har lagt ned eit så stort arbeid med a-endingar, føler eg at det er gale av meg å gå inn for ei anna normering enn han kan stå for. Eg kan godt skrive a-infinitiv, eg, sjølv om eg bruker e-infinitiv til dagleg.
Kjetil T.
On 12 Aug 01, at 2:10, Kjetil Torgrim Homme wrote:
Roy-Magne Mo rmo@sunnmore.net writes:
Eg stemmer også for e-ending i infinitiv. Det første arbeidet som har vorte gjort med systemverktøya er men e-ending, som forsovidt også vart gjort av ein sunnmøring...
Det minner meg på:
så eller so verte eller bli først eller fyrst vi eller me ... dette kan verte ei lang liste etter kvart :-)
So er sideform, ikkje hovudform, og fell altså bort dersom ein held seg til læreboknormalen.
Jon Grepstad
lau 11 aug 2001 13:32:55, Kjetil Torgrim Homme kjetilho@linpro.no:
Burde vi standardisere meir nøye enn læreboknormalen? Eg tenkjer spesielt på om vi skal bruke a- eller e-infinitiv. Eg held ein knapp på e-infinitiv sjølv sidan eg er sunnmøring :-)
Eg stemmer for a-infinitiv, og har brukt dette i Mozilla og AbiWord. Gaute Hvoslef Kvalnes har for øvrig òg omsett KDE til a- infinitiv.
Normeringsreglane (lista) på <URL: http://www.nynorsk.org/anp/ymse.html > er kanskje eit godt utgangspunkt?
On 11 Aug 01, at 13:32, Kjetil Torgrim Homme wrote:
Burde vi standardisere meir nøye enn læreboknormalen? Eg tenkjer spesielt på om vi skal bruke a- eller e-infinitiv. Eg held ein knapp på e-infinitiv sjølv sidan eg er sunnmøring :-) Kløyvd infinitiv er eg ikkje mann til å skrive rett sjølv.
Kløyvd infinitiv ligg utanfor læreboknormalen.
Sjølv brukar eg e-infinitiv (bakgrunn frå Gudbrandsdalen og med foreldre frå Sunnfjord, og med elles eit omflakkande liv bak meg), men det viktigaste er at det er konsekvens innanfor eitt og same program. Eg synest godt somme program kan ha e-infinitiv, andre a- infinitiv. Elles ser eg at www.nynorsk.org i sine skrivereglar, har ført opp a-infinitiv, jf. http://www.nynorsk.org/anp/ymse.html
I det tilfanget vi gjev ut i Språrådet, freistar vi ha litt med a-infinitiv, litt med e-infinitiv.
Jon Grepstad
"Jon Grepstad" GREPSTAD@sprakrad.no writes:
Sjølv brukar eg e-infinitiv (bakgrunn frå Gudbrandsdalen og med foreldre frå Sunnfjord, og med elles eit omflakkande liv bak meg), men det viktigaste er at det er konsekvens innanfor eitt og same program. Eg synest godt somme program kan ha e-infinitiv, andre a- infinitiv.
Det er greit i prinsippet, men bruken av bibliotek gjer dette vanskeleg. Viss libc har a-infinitiv, er det i praksis ikkje mogleg å ha 100% konsekvent e-infinitiv i noko program.
Elles ser eg at www.nynorsk.org i sine skrivereglar, har ført opp a-infinitiv, jf. http://www.nynorsk.org/anp/ymse.html
Det var eit greit utgangspunkt.
Kjetil T.
On 14 Aug 01, at 7:07, Kjetil Torgrim Homme wrote:
"Jon Grepstad" GREPSTAD@sprakrad.no writes:
Sjølv brukar eg e-infinitiv (bakgrunn frå Gudbrandsdalen og med foreldre frå Sunnfjord, og med elles eit omflakkande liv bak meg), men det viktigaste er at det er konsekvens innanfor eitt og same program. Eg synest godt somme program kan ha e-infinitiv, andre a- infinitiv.
Det er greit i prinsippet, men bruken av bibliotek gjer dette vanskeleg. Viss libc har a-infinitiv, er det i praksis ikkje mogleg å ha 100% konsekvent e-infinitiv i noko program.
Eg veit ikkje kva libc er, men rekna med at slike situasjonar kunne oppstå. Eg kjenner det same eller liknande situasjonar frå MS Windows. Litt inkonsekvens gjer ikkje så mykje. Skal ein velje mellom a- og e-infinitiv, ville eg sjølv har valt a-infinitiv fordi a-infinitiv vel er noko meir vanleg i dei nynorske kjerneområda enn e-infinitiv.
Jon Grepstad
"Jon Grepstad" GREPSTAD@sprakrad.no writes:
On 14 Aug 01, at 7:07, Kjetil Torgrim Homme wrote:
Det er greit i prinsippet, men bruken av bibliotek gjer dette vanskeleg. Viss libc har a-infinitiv, er det i praksis ikkje mogleg å ha 100% konsekvent e-infinitiv i noko program.
Eg veit ikkje kva libc er,
Det er biblioteket som 99% av alle program er lenka med, det inneheld dei basale feilmeldingane som "Fila eller katalogen finnest ikkje". Sant å seie veit eg ikkje om der er nokon infinitivar i teksten i det heile, men problemet er sjølvsagt generelt.
men rekna med at slike situasjonar kunne oppstå. Eg kjenner det same eller liknande situasjonar frå MS Windows.
Der gjerne med to forskjellige språk, ikkje berre stilartar innan ei målform :-)
Litt inkonsekvens gjer ikkje så mykje.
Det er ein liten plett, men inga krise. Eit levande språk og konsekvent og god terminologi er viktigare.
Skal ein velje mellom a- og e-infinitiv, ville eg sjølv har valt a-infinitiv fordi a-infinitiv vel er noko meir vanleg i dei nynorske kjerneområda enn e-infinitiv.
Hmpf, nordvestlandet er viktigast :-)
Eg stemmer også for a-infinitiv sidan så 95% av alle omsetjingane brukar det allereie -- "gjerokrati" i praksis ("den som gjer noko, avgjer").
Kjetil T.
må 13 aug 2001 15:24:16, "Jon Grepstad" GREPSTAD@sprakrad.no:
Kløyvd infinitiv ligg utanfor læreboknormalen.
Finst det ei oversikt over kva som ligg innanfor og utanfor læreboknormalen tilgjengeleg? (Eg tenkjer ikkje her på klammeformer.)
On 14 Aug 01, at 20:02, Karl Ove Hufthammer wrote:
må 13 aug 2001 15:24:16, "Jon Grepstad" GREPSTAD@sprakrad.no:
Kløyvd infinitiv ligg utanfor læreboknormalen.
Finst det ei oversikt over kva som ligg innanfor og utanfor læreboknormalen tilgjengeleg? (Eg tenkjer ikkje her på klammeformer.)
Eg har vore borte frå kontoret ei stund og svarar seint. Eg kjem i farten ikkje på noka liste, men det står t.d. forklart i innleiinga til Helleviks ordliste. Liknande forklaringar finst nok i andre ordlister også. Når ein ser bort frå klammeformer, så er det vel berre kløyvd infinitiv og forenkla samsvarbøying som fell utanom læreboknormalen.
Jon Grepstad
On 26 Aug 2001, at 19:25, Jon Grepstad wrote:
Finst det ei oversikt over kva som ligg innanfor og utanfor læreboknormalen tilgjengeleg? (Eg tenkjer ikkje her på klammeformer.)
også. Når ein ser bort frå klammeformer, så er det vel berre kløyvd infinitiv og forenkla samsvarbøying som fell utanom læreboknormalen.
Sterk og linn hokjønnsbøying?
Elles er det jo ein del rettskrivingskategoriar som jamt over står i klamme heile vegen (langformer av verb, td)
Tarjei
lau 11 aug 2001 07:46:36, Tarjei Vagstol tarjei.vagstol@nm.no:
Eg fann nokre skrivefeil:
Mange takk!
mistar > mister [evt misser]
Nei, mistar er òg korrekt.
Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com writes:
mistar > mister [evt misser]
Nei, mistar er òg korrekt.
sant nok, eg sjekka ordboka no.
tarjei
Tarjei Vagstol tarjei.vagstol@nm.no writes:
Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com writes:
mistar > mister [evt misser]
Nei, mistar er òg korrekt.
sant nok, eg sjekka ordboka no.
konklusjonen min (som vart utelete, og soleis gjorde eposten meiningslaus) var at innanføre eitt og same program lyt ein vera konsekvent i val av jamstilte former. det er sjølvsagt.
trur likevel at det er fornuftig å seia læreboknormalen, punktum, og ikkje bry seg meir om vi/me/verta/bli (i det uendelege... ). når nynorskfolk ikkje har greidd å verta samde om _ei_ form so langt er det liten grunn til å uniformera målet i nynorske dataprogram. det nynorske skjermspråket vil uansett vera meir konsistent enn det språket folk møter i nynorsk litteratur elles.
tarjei
Tysdag 14. august 2001 09:48 skreiv Tarjei Vagstol:
konklusjonen min (som vart utelete, og soleis gjorde eposten meiningslaus) var at innanføre eitt og same program lyt ein vera konsekvent i val av jamstilte former. det er sjølvsagt.
Men når programma nyttar seg av felles ressursar (vanlege tekstar som er omsette på ein plass i staden for i kvart enkelt program), vert det lett rot. libc er ein slik ressurs.
Eg er elles glad for at det (sjølv i mitt fråver) er stemning for a-infinitiv. Eg kjem iallfall *aldri* til å endra KDE ;-)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com writes:
Men når programma nyttar seg av felles ressursar (vanlege tekstar som er omsette på ein plass i staden for i kvart enkelt program), vert det lett rot. libc er ein slik ressurs.
Det skjønar eg. Likevel trur eg ikkje det finst noko anna løysing enn å _akseptera_ rotet, slik Jon Grepstad var inne på. Det nynorske skriftbiletet er likevel ikkje heilt einsarta (for å seia det mildt). Læreboknormalen er likevel ei slags råme, og korrigera med normal nynorsk språkkjensle går det nok griet. Det som gjer/set i gang omsetjinga, vert òg den som definerar språket.
Eg er elles glad for at det (sjølv i mitt fråver) er stemning for a-infinitiv. Eg kjem iallfall *aldri* til å endra KDE ;-)
Nettopp, og for å unngå at det bryt ut "stammekrigar" med fleire parallelle nynorskomsetjingar, er det viktig at ein slår fast ein toleranse for noko inkonsistens no i starten. Elles kan heile "prosjekt nynorsk skjermspråk" verta underminera og teke for rimeleg useriøst.
Eit sterkt press om å vera konform til visse former innanføre allereie gjeldane rettskriving, vil òg vera med å lukka omsetjarmiljøet.
(Lat meg presisera i fall nokon vert forvirra av _mi_ rettskriving: sjølv fylgjer eg _ikkje_ gjeldande rettskriving, korkje læreboknormalen eller rettskrivinga. Mine former er difor ikkje noko serleg å ta etter. Men dersom "Skulelinux" skal slå gjennom, må programpakka ha ein slik nynorsk som òg kunne vore bruka i lærebøkene).
Tarjei
Tarjei Vagstol tarjei.vagstol@nm.no writes:
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com writes:
Eg er elles glad for at det (sjølv i mitt fråver) er stemning for a-infinitiv. Eg kjem iallfall *aldri* til å endra KDE ;-)
Nettopp, og for å unngå at det bryt ut "stammekrigar" med fleire parallelle nynorskomsetjingar, er det viktig at ein slår fast ein toleranse for noko inkonsistens no i starten. Elles kan heile "prosjekt nynorsk skjermspråk" verta underminera og teke for rimeleg useriøst.
Eit sterkt press om å vera konform til visse former innanføre allereie gjeldane rettskriving, vil òg vera med å lukka omsetjarmiljøet.
Einig. Så lenge språket er godt, er formene som vert brukt mindre viktig. Likevel er det i alle fall nokon av oss som er fleksible (sikkert Gaute også, om enn ikkje når det gjeld infinitivsforma :-), så ei felles norm og ei _oppmoding_ om å fylgje henne kan ikkje skade. Trur eg.
Kjetil T.
On 10 Aug 01, at 15:19, Karl Ove Hufthammer wrote:
Nokre rettingar, sjå nedanfor (rettingane er etter læreboknormalen):
(Spelet Tux Typing kan lastast ned for Linux, Windows eller BeOS på <URL: http://www.geekcomix.com/dm/tuxtype/downloads.shtml >.)
Eg har no klart eit utkast til omsetjing av hjelpetekstane i Tux Typing. Eg sender det her for å få kommentarar på korleis dei kan gjerast betre (feilstavingar, kommafeil, dårlege omsetjingar, gode omsetjingar som kan gjerast endå betre &c.).
I alfabetisk rekkefølgje etter filnamnet:
Bokstavregn
I dette spelet skal du hjelpa pingvinen Tux å få seg eit skikkeleg måltid fisk.
Fiskane fell ovanfrå, og du må fanga dei før dei treff
treffer
bakken.
Når du har ete nok fisk, går du vidare til neste brett.
Kvar fisk som fell, <komma>
har ein bokstav
målt
måla på seg.
For å få Tux til å gå under fisken, slik at han kan eta han, må du trykka
trykkja
på tasten med same bokstav.
A
Viss du ikkje klarer å trykka
trykkja på tasten
fort nok, vil fisken treffa bakken og du mistar eit liv.
Tux er ein veldig høfleg pingvin.
Viss han står i vegen for ein fisk han ikkje har tenkt å eta, vil han flytta seg ...
Kanskje med forferdelege konsekvensar!
Ordsnø
[...]
Grupper med fisk som fell,
<komma> har ord
skrivne på seg.
For å få Tux til å gå under fiskane, slik at han kan eta dei, må du skriva inn ordet.
CAT [Det går dessverre ikkje an å omsetja det ordet som fell ned i hjelpeteksten.]
Viss du ikkje klarer å skriva inn ordet fort nok, vil fisken treffa bakken og du mistar eit liv.
Jon Grepstad
må 13 aug 2001 16:29:03, "Jon Grepstad" GREPSTAD@sprakrad.no:
Nokre rettingar, sjå nedanfor (rettingane er etter læreboknormalen):
Desse er no retta opp (i CVS).