Fredag 23. november 2007 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Støtt og stadig dukkar det opp syntaksfeil i bokmålsfilene. Slutt med det! Det er lett å kjøra syntakssjekk før ein sjekkar inn filene.
Og framleis dukkar det stadig opp syntaksfeil. Eg er lei av å måtte retta desse sjølv, og har no fjerna oppdatering og innsending av bokmålsomsettingane i skriptet, fram til bokmålsomsettarane tar seg saman. Oppdatering og innsending av nynorsk og samisk går som normalt.