Måndag 30. september 2002 10:44 skreiv Herman Ranes:
Det vert frå tid til anna hevda at nynorsken etter kvart får eit sterkare «vestlandspreg», av di det såkalla kjerneområdet har tyngdepunktet i den nemnde landsdelen. Kunnskapslaus som eg er, så tillèt eg meg å lata magen min spørja om framlegget frå Gaute H. K. er eit utslag av dei nemnde tendensane.
Er td. «klarte ikkje lesa» (utan «å») rekna for å vera god norsk? Svar udbedes ...
Mitt forslag skriv seg frå mi kjensle av at «klarte ikkje lesa» flyt betre enn «klarte ikkje å lesa». Om det er eit vestlandsk særtrekk kan ikkje eg seia, men Språkrådet seier det er OK:
-------
Kan ein då seia 'Klarte ikkje kopla til tenar', eller må ein seia 'Klarte ikkje å kopla til tenar'?
Ein kan seie begge delar. Verb som greie, klare, makte, orke i tydinga 'kunne', 'vere i stand til', kan ta infinitiv med eller utan å.
Det er omtalt m.a. i Norsk referansegrammatikk (1997), side 530. Det er også nemnt, men ikkje så fyldig omtalt, i Godt språk i lærebøker, pkt. 6.3.5.2 (side 137), som ligg i pdf-format her: http://www.sprakrad.no/laerebok.htm. ------- (Jon Grepstad på i18n-nn ein gong i fjor haust.) https://lister.ping.uio.no/pipermail/lister.ping.uio.no/i18n-nn/2001-Novembe...
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes