Vart me einige om formuleringa «Klarte ikkje å xxx» versus «Klarte ikkje xxx»? Eg fann ikkje noko om dette i retningslinjene.
Laurdag 28. september 2002 17:51 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Vart me einige om formuleringa «Klarte ikkje å xxx» versus «Klarte ikkje xxx»? Eg fann ikkje noko om dette i retningslinjene.
Eg brukar heilt konsekvent «Klarte ikkje» utan «å», og synest me godt kan bestemma oss for å bruka det overalt.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200209281810.37454.gaute@verdsveven.com:
Eg brukar heilt konsekvent «Klarte ikkje» utan «å», og synest me godt kan bestemma oss for å bruka det overalt.
Greitt. Eg har no oppdatert ein del av programma eg er ansvarlig for. Oppdaterer du retningslinjene?
Laurdag 28. september 2002 19:04 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200209281810.37454.gaute@verdsveven.com:
Eg brukar heilt konsekvent «Klarte ikkje» utan «å», og synest me godt kan bestemma oss for å bruka det overalt.
Greitt. Eg har no oppdatert ein del av programma eg er ansvarlig for. Oppdaterer du retningslinjene?
Det var litt vanskeleg å finna ein naturleg plass til punktet, men eg trur det kan passa inn i eit avsnitt om «faste uttrykk». (Fyll gjerne på meir i det avsnittet!) Retningslinjene treng veldig ei innhaldsliste og kanskje full omstrukturering. Det er kanskje ei oppgåve for omsetjarsamlinga til helga?
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200210011509.08901.gaute@verdsveven.com:
Oppdaterer du retningslinjene?
Det var litt vanskeleg å finna ein naturleg plass til punktet, men eg trur det kan passa inn i eit avsnitt om «faste uttrykk».
Ja.
Retningslinjene treng veldig ei innhaldsliste og kanskje full omstrukturering. Det er kanskje ei oppgåve for omsetjarsamlinga til helga?
Eg har sysla litt med tanken på ei DOM-basert, dynamisk innhaldslista. Eg veit det finst ferdigskrivne slike (har iallfall sett det ein gong -- muligens vanskelig å finna igjen).
Elles hadde det vore ein fordel å harmonisera dei ulike stilsetta for Skulelinux-dokument.
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200210011509.08901.gaute@verdsveven.com:
Det var litt vanskeleg å finna ein naturleg plass til punktet, men eg trur det kan passa inn i eit avsnitt om «faste uttrykk».
Eg ser du skriv at me skal setta om «Can not» til «Klarar ikkje». Eg har konsekvent sett om *både* «Can not» og «Could not» til «Klarte ikkje». Sjølv om ein kanskje *kan* argumentera at det er / bør vera ein forskjell mellom desse omgrepa, er det er mi erfaring det *ikkje* er dei i praksis, og dei blir brukt heilt om kvarande på engelsk. Derfor synest eg det er betre å standardisera på «Klarte ikkje».
Forresten heiter det «fann», ikkje «fant».
Eg skal straks legga til ei innhaldsliste.
Onsdag 2. oktober 2002 18:36 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eg ser du skriv at me skal setta om «Can not» til «Klarar ikkje». Eg har konsekvent sett om *både* «Can not» og «Could not» til «Klarte ikkje». Sjølv om ein kanskje *kan* argumentera at det er / bør vera ein forskjell mellom desse omgrepa, er det er mi erfaring det *ikkje* er dei i praksis, og dei blir brukt heilt om kvarande på engelsk. Derfor synest eg det er betre å standardisera på «Klarte ikkje».
Ja, det kan me i grunnen godt gjera.
Forresten heiter det «fann», ikkje «fant».
Uff, klart det.
Eg skal straks legga til ei innhaldsliste.
Oi, *nyttig* JavaScript er eit altfor sjeldant syn. Men det fungerer ikkje overalt :( Opera viser inga innhaldsliste i det heile, medan Konqueror 2.2.2 bommar på lenkjene. (Dersom du følgjer ei lenkje i Konqueror, hamnar du eit par skjermsider over der du eigentleg skulle. Det kan sjå ut til at avviket tilsvarar lengda på innhaldslista.) Nyaste Konqueror fungerer heilt fint, og Mozilla-baserte nettlesarar går sjølvsagt òg bra.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200210022051.43510.gaute@verdsveven.com:
Oi, *nyttig* JavaScript er eit altfor sjeldant syn. Men det fungerer ikkje overalt :( Opera viser inga innhaldsliste i det heile,
Nei, Opera støttar ikkje DOM.
medan Konqueror 2.2.2 bommar på lenkjene.
Eit alternativ *kunne* jo vore å gjort om dokumentet til XHTML, og generert innhaldslista automatisk vha. XSLT. Kor god løysing dette er, er eg usikker på.
Det vert frå tid til anna hevda at nynorsken etter kvart får eit sterkare «vestlandspreg», av di det såkalla kjerneområdet har tyngdepunktet i den nemnde landsdelen. Kunnskapslaus som eg er, så tillèt eg meg å lata magen min spørja om framlegget frå Gaute H. K. er eit utslag av dei nemnde tendensane.
Er td. «klarte ikkje lesa» (utan «å») rekna for å vera god norsk? Svar udbedes ...
-Herman
(Og kva med «klarte»? Er ikkje «greidde» betre? Eg skal ikkje trekkja dette spørsmålet lenger, for det vart vel drøft i fjor haust òg.)
Gaute Hvoslef Kvalnes skreiv:
Laurdag 28. september 2002 17:51 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Vart me einige om formuleringa «Klarte ikkje å xxx» versus «Klarte ikkje xxx»? Eg fann ikkje noko om dette i retningslinjene.
Eg brukar heilt konsekvent «Klarte ikkje» utan «å», og synest me godt kan bestemma oss for å bruka det overalt.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
E-postlista i18n-nn i18n-nn@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn
Måndag 30. september 2002 10:44 skreiv Herman Ranes:
Det vert frå tid til anna hevda at nynorsken etter kvart får eit sterkare «vestlandspreg», av di det såkalla kjerneområdet har tyngdepunktet i den nemnde landsdelen. Kunnskapslaus som eg er, så tillèt eg meg å lata magen min spørja om framlegget frå Gaute H. K. er eit utslag av dei nemnde tendensane.
Er td. «klarte ikkje lesa» (utan «å») rekna for å vera god norsk? Svar udbedes ...
Mitt forslag skriv seg frå mi kjensle av at «klarte ikkje lesa» flyt betre enn «klarte ikkje å lesa». Om det er eit vestlandsk særtrekk kan ikkje eg seia, men Språkrådet seier det er OK:
-------
Kan ein då seia 'Klarte ikkje kopla til tenar', eller må ein seia 'Klarte ikkje å kopla til tenar'?
Ein kan seie begge delar. Verb som greie, klare, makte, orke i tydinga 'kunne', 'vere i stand til', kan ta infinitiv med eller utan å.
Det er omtalt m.a. i Norsk referansegrammatikk (1997), side 530. Det er også nemnt, men ikkje så fyldig omtalt, i Godt språk i lærebøker, pkt. 6.3.5.2 (side 137), som ligg i pdf-format her: http://www.sprakrad.no/laerebok.htm. ------- (Jon Grepstad på i18n-nn ein gong i fjor haust.) https://lister.ping.uio.no/pipermail/lister.ping.uio.no/i18n-nn/2001-Novembe...
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes