On Thu, 2007-08-02 at 20:05 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Eg lurer på kva eg skal omsetta «link» med i nettsamanheng. Etter det eg forstår, har du ein «link» viss du for eksempel får eit fysisk signal gjennom ein kabel, utan nødvendigvis å ha eit samband sett opp.
Eit typisk eksempel er gjerne at det lyser eit lys når du kopla til ein nettverkskabel, som tyder på at det *er* ei maskin i den andre enden du potensielt kan kommunisera med (det er altso ikkje noko galt med kabelen). For å faktisk setta opp eit samband, må du gjerna til med IP-adresser, brukarnamn, passord og senda data fram og tilbake.
Ein link er altso meir eit livsteikn enn ei direkte tilkopling/samband.
når eg ikkje seier "link", seier eg "forbindelse" i munnleg språk. diverre er det ikkje noko bra nynorsk-ord, men kan vi ikkje kalle det "link"? det er allereie etablert i Nynorskordboka i ei liknande tyding:
link I link m1 (eng. 'lekk (I)') radiolinje
for å utdjupe korleis eg oppfattar andre ord i denne samanhengen: ei "tilkopling" er reint fysisk, at kabelen står i, det treng ikkje vere noko signal der. "oppkopling" er (initiering av) ei logisk kopling mellom to system, eit samband. eg vil ikkje bruke "samband" om koplingar på fysisk linklag, dvs. Ethernet/FC/ATM eller tilsvarande. med andre ord er eg heilt på linje med Karl Ove.