Kva kallar med eit «array» på norsk i disk-/RAID-samanheng? Eg har vel inntrykk av at ein mest brukar det engelske ordet, som ein ofte gjer i slike miljø, men eg synest me godt kan ha eit norsk omgrep.
Wikipedia på bokmål og riksmål brukar «matrise» (https://no.wikipedia.org/wiki/RAID), men det synest eg høyrest ut som ei feilomsetting. «Array» kan vera ei matrise i matematikk- og programmeringssamanheng, men det passar vel ikkje for RAID? Ser òg diskrekke har blitt brukt, eks. https://www.dell.com/support/kbdoc/no-no/000132392/fremgangs-m-aring-te-for-.... Store norske leksikon ser ut til å rett og slett bruka «RAID-gruppe»/«gruppe» (https://snl.no/RAID_-_datalagring), viss eg har forstått artikkelen rett. Det høyrest jo ganske enkelt og greitt ut.
Synspunkt?
Eksempel på tekst eg skal omsetta, er «Manage RAID arrays» og «Authentication is required to remove a device from a RAID array».