Karl Ove Hufthammer skreiv 25.05.2019 17:35:
Eg har mekka saman ei lita nettside der ein kan søkja gjennom nynorskomsetjingane av ein del fri programvare. […] Dei fleste omsetjingane er frå KDE-programma, og elles er det frå andre program eg omset / har omsett til nynorsk.
Håpar nettsida kan vera til nytte når ein lurer på kva eit ord eller uttrykk bør/kan omsetjast til på norsk.
På førespurnad har eg no laga ein bokmålsvariant av søkesida. […] Eg vil nok oppdatera databasane ein gong i blant, men dette er førebels eit «least effort»-prosjekt. 😄
Ei lita oppdatering om desse sidene: Eg oppdaterer dei (dvs. omsetjingsdatabasane) framleis ein gong iblant, og eg har tenkt å halda fram med det. Og no har eg lagt til støtte for søk via regulære uttrykk. Det gjer at ein kan gjera meir avanserte søk/filtreringar, for eksempel etter alle originaltekstar eller omsetjingar som startar og/eller sluttar med ein viss tekst. Eit enkelt eksempel på eit slikt søk er no nemnt på sidene:
Nynorsk: https://huftis.org/kritikk/omsetjingsdb/nn/ Bokmål: https://huftis.org/kritikk/omsetjingsdb/nb/