From: Kjetil Torgrim Homme [kjetilho@ifi.uio.no] Sent: 2009-05-23 21:46:31 CEST To: Kolbjørn Stuestøl [kol-stue@online.no] Cc: Forum for omsetjing av fri programvare til norsk [i18n-no@lister.ping.uio.no] Subject: Re: [i18n-no] Luftpensel?
On Sat, 2009-05-23 at 18:42 +0200, Kolbjørn Stuestøl wrote:
Sigmund Hansen skreiv:
Jeg så på fellesordlisten for dataord på bokmål og la merke til at "airbrush" var oversatt med "luftpensel". Er det bare jeg som synes at dette er en veldig merkelig (direkte) oversettelse, med tanke på at i norsk finnes det allerede et ord for "airbrush"? Har ingen hørt om en sprøytepistol før?
Dette blei nokså utførleg drøfta i 2006, trur eg det var. Hugsar ikkje argumenta for «luftpensel», men hugsar at eg sjølv hadde brukt «sprøytepistol» og lojalt forandra det til «luftpensel». Kjenner ikkje til om det er råd å finne fram til gamle diskusjonar og trådar i dette forumet. Noen som veit?
eg tok ein titt på dei gamle innlegga, og det var berre du og Axel som diskuterte det, og begge føretrakk sprøytepistol. likevel endra Axel Fellesordlista til "luftpensel" 30. september 2007. veldig merkeleg.
eg legg ved meldingane i mitt arkiv om dette. kanskje diskusjonen var i ordsmia? -- venleg helsing, Kjetil T.
"Sprøytepistolar" har konnotasjonar av å vere litt større reiskapar. "Luftpenslar" er mindre, slik kunstnarreiskapane er, etter mi forståing av orda. Orda vart i si tid også drøfta i Språkrådet si Ordsmie. Sjølv synest eg "luftpensel" er best i desse samanhengane.
Med helsing Jon Grepstad