Karl Ove Hufthammer skreiv 28.03.2021 14:30:
Eg har nettopp omsett ein modul om elektrisitet i leik-og-lær-spelet GCompris (https://gcompris.net/index-nn.html). Kort sagt er det ein pedagogisk aktivitet der ein lærer om elektrisitet ved å laga (virtuelle) elektrisk krinsar, ved for eksempel å kopla lyspærer til batteri.
No har det komme ei ny feilmelding i denne aktiviteten, eg har problem med å omsetja denne:
Warning! Circuit has a voltage source loop or a source shorted by a wire, please remove the wire causing the short.
Eg forstår ikkje heilt kva som er meint med «voltage source loop». Har nokon elektronikkyndige eit forslag? Førebels har eg:
Åtvaring! Krinsen har ei kortslutning. Fjern leidningen som fører til kortslutninga.
Det er forhåpentlegvis forståeleg, men det er vel noko som manglar?