* Erik Haugan (2006-02-28 23:18):
Nominativ/genitiv trur eg er feil ord, men eg har ikkje noko betre her og no.
No har eg har fått lånt meg eit eksemplar av Norsk referansegrammatikk og slått opp dette. Denne genitivs-s-en ein hengjer på alt mogleg er ikkje ei bøyingsending, men oppfører seg om lag som det grammatiske ordet "sin", med den viktige skilnaden at det blir skrive saman med siste ordet i substantivfrasen det står til, anten dette er eit substantiv eller noko anna. Døme frå bokmål (der dette er vanlegast):
den gamle mannens bil den gamle mannen sin bil den gamles bil den gamle sin bil de eldres biler de eldre sine biler den eldstes bil den eldste sin bil han som kjørers ansvar han som kjører sitt ansvar en som gir opps nederlag en som gir opp sitt nederlag frasen "nå og das" betydning frasen "nå og da" sin betydning
Det er opplagt at her må det syntaktisk grammatikkontroll til for å løysa dette, men det er naturlegvis mogleg å ha med genitivs-s som bøyingsform av ei, fleire eller alle ordklasser inntil vidare.
Erik