Når det gjeld synonym i ordlista, burde det strengt teke ikkje vera naudsynt å føra opp synonym av same leksem i alle bøyingsformer, det blir veldig mykje ekstra arbeid, og me er nesten garanterte at til dømes "sint" og "sintare" kjem til å ha ulike synonymlister. Skriptet som lagar synonymordlista burde kunna henta ut synonyma frå nemneforma (ROOT) av leksemet. Ein vil då ikkje få synonym i same bøyingsform som oppslagsordet, men eg veit ikkje kor viktig det er. Ideelt sett burde systemet sjølv kunna slå opp dei rette bøyingsformene av synonyma, i alle fall når synonyma er einstaka ord av same ordklasse som oppslagsordet.
Erik