Gode gamle kjende på l10n-no,
Eg har ikkje vore på denne lista sidan ho var på ping.uio.no, og det tek til å bli ei stund sidan. Eg måtte dermed oppdaga at det var Karl Ove som dreiv lista vidare på eige initiativ. Til det må eg seia takk og bra gjort.
LItt presentasjon fyrst: Eg har tidlegare omsett ganske store delar av Wordpress til nynorsk, og har vore bortpå ein del anna omsetjingsarbeid òg. Eg er lærar, musikar, lydbokforleggjar og mållagsmedlem, mellom anna.
I eigenskap av mållagsmedlem har eg skrive eit par debattinnlegg til Noregs mållag om kva aktivitetar dei driv med, og kva dei etter mitt syn bør drive med. Omsetjarmiljøa for fri programvare til norsk, samiske språk og kvensk er, som denne lista viser, nokså små. I tillegg blir mest alt av slikt omsetjingsarbeid gjort på friviljug basis. Det er sjølvsagt bra, men òg sårbart. Me gjer arbeid som er til nytte for eit nokså stort tal brukarar, og som kan ramle i hop dersom ein eller to enkeltpersonar ikkje gjer det. Alle her veit at det er i skøyraste laget.
Eg ynskjer difor at mållaget, som er ein høvesvis stor organisasjon og den einaste store på feltet, omsider skal gjera noko konkret for at det skal finnast fyrst og fremst nynorsk der me treng han. Difor har eg prøvd å masa på dei nokre gonger, og siste forsøk ligg på nettsida mi [1] og er sendt til mållaget sentralt og alle landsdelslaga. Det har vore litt respons så langt, men ingenting frå sentralleddet. Eg skriv her for å informere dykk om kva eg har gjort, og tek sjølvsagt imot eventuelle innspel.
Beste helsing og alt godt
Eivind Ødegård
[1] https://dvergam%C3%A5l.no/nytt/2022-innlegg-om-mallaget/