Kolbjørn Stuestøl skreiv 19.01.2019 16:17:
Takk for «protesten». Eg er såpass usikker her at eg er lett å overtyde. Så «verktøyliste» høyrest fint ut for meg i høve til argumentasjonen du bruker. «Verktøyliste» er ikkje brukt andre stader i LibreOffice. Sidan det er nokså god tid før omsetjinga blir tatt i bruk, ventar eg litt med å endre i tilfelle det kjem andre argument for andre val.
Eg protesterer på protesten. Det er ikkje snakk om ei *liste*, så «verktøyliste» høver ikkje. Lister er éindimensjonale, der elementa står på rekkje og rad (loddrett eller vassrett).
Funksjonen det er snakk om her, er derimot ei todimensjonal flate, forma som eit breitt band, der elementa står litt hulter til bulter. Eg synest derfor «verktøyband» høver særs bra, og er mykje betre enn den engelske originalteksten.