"Jon Grepstad" GREPSTAD@sprakrad.no writes:
On 14 Aug 01, at 7:07, Kjetil Torgrim Homme wrote:
Det er greit i prinsippet, men bruken av bibliotek gjer dette vanskeleg. Viss libc har a-infinitiv, er det i praksis ikkje mogleg å ha 100% konsekvent e-infinitiv i noko program.
Eg veit ikkje kva libc er,
Det er biblioteket som 99% av alle program er lenka med, det inneheld dei basale feilmeldingane som "Fila eller katalogen finnest ikkje". Sant å seie veit eg ikkje om der er nokon infinitivar i teksten i det heile, men problemet er sjølvsagt generelt.
men rekna med at slike situasjonar kunne oppstå. Eg kjenner det same eller liknande situasjonar frå MS Windows.
Der gjerne med to forskjellige språk, ikkje berre stilartar innan ei målform :-)
Litt inkonsekvens gjer ikkje så mykje.
Det er ein liten plett, men inga krise. Eit levande språk og konsekvent og god terminologi er viktigare.
Skal ein velje mellom a- og e-infinitiv, ville eg sjølv har valt a-infinitiv fordi a-infinitiv vel er noko meir vanleg i dei nynorske kjerneområda enn e-infinitiv.
Hmpf, nordvestlandet er viktigast :-)
Eg stemmer også for a-infinitiv sidan så 95% av alle omsetjingane brukar det allereie -- "gjerokrati" i praksis ("den som gjer noko, avgjer").
Kjetil T.