Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com wrote in news:Xns9202B9E37394Bhuftis@ID-99504.news.dfncis.de:
Eg held for øvrig på å lasta ned ein 'solver'-pakke av OpenOffice.org for å sjå om denne inneheld noko nyttig.
Ja, denne inneheldt blant anna verktøyet 'localize' som ein visstnok skal kunna bruka til å trekka ut alle strengane frå OpenOffice.org-kjeldekoden og lagra dei i ei -- 1! -- tekstfil.
Men 'solver'-pakken var på 300 MiB, og inkluderer ikkje kjeldekoden. Eg har minimalt med harddiskplass, og kan derfor ikkje lasta ned heile kjeldekoden. Nokon som kan ta på seg å gjera dette, og generera den relevante tekstfila?