Kjetil Sørlund skreiv 13.01.2026 11:11:
Et spørsmål til. Hvordan får jeg til grovoversettelse? Jeg prøver det i Lokalize, men får ingen oppføringer.
Grovomsetjing er ikkje ein funksjon som finst i Lokalize, så det er lite å prøva. :)
For grovomsetjing av ei PO-fil kan ein bruka msgmerge med ei kompendium-fil, ei malfil og argumentet --compendium.
Men det kan vera greiare å bruka verktøyet poselfmerge i Pology. Då har ein fleire innstillingar og treng ikkje noko malfil. Eg pleier bruka denne kommandoen:
poselfmerge --fuzzy-exact --min-words-exact=0 --min-adjsim-fuzzy=.4 --verbose --rebase-fuzzies --no-wrap --fine-wrap --compendium=adresse-til-kompendium-fil.po adresse-til-omsetjingsfil.po
Juster eventuelt --min-adjsim-fuzzy litt opp. Eg føretrekker å bruka ein ganske låg verdi (0.4) for å få forslag sjølv når ein tekst *ikkje* liknar så mykje på nokon av tekstane i kompendiet. Ofte kan det vera eit nøkkelord eller to som er greitt å få forslag til, sjølv om resten av teksten er «boss». Utviklaren av Pology opplyser om at verdiar frå 0.6 til 0.8 er ei «practical range».
Ein kan òg bruka poselfmerge utan eit kompendium, men då vil han sjølvsagt berre sjå på allereie omsette tekstar i same fil. Det kan likevel vera praktisk dersom ein har ei omsetjingsfil med mange ganske like tekstar (for eksempel feilmeldingar som liknar på kvarandre).