On Thu, 2022-05-26 at 12:09 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Eg har no klart eit utkast av omsettinga. Kjekt om nokon (med litt kompetanse på diskar og sånt) kunne tatt ei kjapp gjennomlesing og gitt tilbakemelding på feil, misforståingar og anna som kan forbetrast: https://huftis.org/kritikk/omsetting-udisks2.html
Reknar med å senda inn omsettinga i løpet av morgondagen.
hmm. ser du har omsett "seat" med "anna maskin". eg synest det vert litt upresist. eitt eksempel:
en: Mount a filesystem from a device plugged into another seat nn: Monter eit filsystem frå ei eining tilkopla ei anna maskin
eit seat er som regel på same maskin, men med dedikert maskinvare (to grafikkort, to tastatur osv. kopla til same maskin). Nvidia lagar også eigne grafikkort optimalisert for VDI, men det er nok vanlegast på Windows.
https://www.freedesktop.org/wiki/Software/systemd/multiseat/
eg har ikkje noko veldig godt framlegg på ståande fot. det enklaste er vel å bruke "sete" også på norsk, om ikkje nokon andre har etablert eit ord der allereie.