Erik Haugan:
Det same argumentet kan brukast mot svake partisippformer av sterke verb, som nemnt i ein annan tråd. Det er betre å bruke beden - bede - bedne enn bedd - bedt - bedde. I dette tilfellet talar dessutan adjektivet "ubeden" mot å bruke "bedt": "ubedde gjester" høyrest ikkje bra ut, jamfør ditt argument mot "gidde".
Eg synest «ubedde gjester» hørest heilt naturlig ut. Men det er uansett ikkje noko godt argument for/mot, då adjektivforma av «å be» ikkje er noko som dukkar opp i omsettingane våre (i motsetning til adjektivforma av «å gje»/«å gi»).