Kva skal funksjone AGGREGATE heite på norsk? Funksjonen finst i LibreOffice Calc, men er ikkje forklart i hjelpseksjonen. Exel har omsett han med MENGDE. (Sjå https://support.office.microsoft.com/nb-no/article/Funksjonen-MENGDE-991c9ad...).
I hjelpteksten er "aggregate" ikkje omsett. Eksemplet på bruk seier: «AGGREGATE(Funksjon; Innstillingar; Ref1 eller tabell; Ref2..n eller k1; Ref2..n eller k2; …)» I forklaringa heiter det:
Nynorsk: «Reknar ut ei aggregering (eit spesielt samandrag) i eit rekneark.» Bokmål: «Regner ut en aggregering i et regneark.» Engelsk: "Calculates an aggregate in a spreadsheet."
Ikkje så mykje å bli klok på.
I omtalen i hjelp av databasefunksjonar er "so-called aggregate functions" omsett med «såkalla resultatmengdefunksjonar». Altså at aggregate -> resultatmengd. Er dette ei løysing?
Kolbjørn