Kjetil Torgrim Homme kjetilho@ifi.uio.no skreiv i innlegget news:1091233419.14516.2.camel@chico.njus.no:
Eg er samd, og har gjort det same i Mozilla Mail.
kva er gale med "spam"?
Det er eit unødvendig, uforståelig engelsk ord. Dette i motsetning til reklame.
uansett er "reklame" feil, eg får mykje reklame som ikkje er spam.
Ja, ja, og du får òg mykje som du oppfattar som «spam» som ikkje vil vera det etter dei mange definisjonane som finst omkring.
Når folk (som ikkje har hørt om omgrepet «spam») klagar over fenomenet, seier dei gjerne at dei får so mykje reklame i e-posten. Dette er det heilt naturlige ordet å bruka. Og det dekkar fenomenet ordet «spam» prøver å dekka utmerka, ja kanskje betre enn «spam» sjølv.
foreslår heller "masseutsendingar"
Slik som denne e-posten din?! ;)
eller "uønska e- post".
Eg får mykje veldig uønskja e-post som ikkje er reklame («spam»). E-fakturaer er berre eitt eksempel ... :)