Sjå diskusjonen på http://thread.gmane.org/gmane.comp.internationalization.norwegian/4699 for bakgrunnsmateriale.
Her kjem eit nytt, «endelig» forslag til nytt tastaturoppsett for norsk på Linux. Hovudsaklig legg eg tastebindingar til teikn som me brukar ein del på norsk, spesielt oss omsettarane, men som ikkje er direkte tilgjengelig på tastaturet.
Her er endringane frå /usr/share/X11/xkb/symbols/no:
17a18,23
key <AB09> { [ period, colon, ellipsis, periodcentered ] }; key <AB10> { [ minus, underscore, endash, emdash ] }; key <AD04> { [ r, R, registered, trademark ] }; key <AD11> { [ aring, Aring, Greek_pi, Greek_PI ] }; key <AE05> { [ 5, percent, onehalf, 0x1002030 ] };
28a35,36
include "nbsp(level3)" include "keypad(ossmath)"
Kort oppsummert:
Ellipseteiknet og tankestrek vert tilgjengelig med «Alt Gr» og høvesvis punktum- og bindestrektasten. Dette har for øvrig me omsettarane brukt i lengre tid ved hjelp av xmodmap: http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html#destHeader41
Trademark-teiknet ™ vert tilgjengelig med «Alt Gr + Shift + R». Før vart denne brukt til ®. Det same gjorde (og gjer) «Alt Gr + R», so me mistar ikkje noko. For dei som måtte lura: T-tasten er opptatt med þ og Þ.
Den greske bokstaven π er mykje brukt, og no vert denne tilgjengelig i stor og lita utgåve på Å-tasten. P-tasten var dessverre opptatt med þ og Þ. Men dette er jo dei same teikna som på T-tasten, so det er kanskje okei å bruka P likevel? Kva meiner de? (Andre språk har gjort dette.)
«Alt Gr + Shift + 5» vert endra frå ¢ til promilleteiknet ‰. Det er eit mykje meir logisk teikn å ha der, og ¢ er lett og logisk tilgjengelig frå E-tasten.
I tillegg kan me skriva hardt mellomrom med «Alt Gr + Mellomrom». Me *kunne* brukt «Alt», men det er ein mykje mindre «sikker» tast her. «Alt Gr» er ganske sikker, og i bruk av andre språk. (For øvrig gjev «Alt + Mellomrom» hardt mellomrom i Lokalize, men ikkje i andre program.
Til slutt vert dei ekte matematiske gonge- og subtraksjonsoperatorane ⋅ og − tilgjengelige med «Alt Gr» på det numeriske tastaturet. Endelig!
Kom gjerne med synspunkt og innspel. Men ikkje vent for lenge. Eg har lyst å senda inn desse endringane ganske snart.