Håvard Korsvoll:
Hei, eg berre heng meg med på diskusjonen her. Viss Karl Ove og scripty har kode for å dele linjene, så må det vel gå an å bruke denne koden/skriptet etter at du har køyrt MagiPo (går ut frå at koden er GPL). Så vil jo linjeskifta kome inn igjen. Sidan du då brukar same koden, så vil jo også alle linjeskifta kome på same plass, og dermed skal uendra filer vere like.
Ja, det var ein god idé. Korleis .po-filene vert handsama kan ein sjå i skriptet 'skolelinux/i18n/skript/kde-l10n-tool.sh'. Det er litt forskjellig for KDE 3 og KDE 4 (KDE 3 brukar blant anna --no-wrap, etterfølgt av eit lite python-skript).