Den 10.12.2023 17:37, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 10.12.2023 16:32:
Då har eg følgd rådet ditt og endra omsetjinga av "Languages and Locales" til «Språk og regionale tilpassingar».
I Plasma heiter tilsvarande oppsettmodul rett og slett «Språk og region». Eg synest det er kort og greitt.
Samd. Men «Språk- og regionval» hadde og vore kort og greitt - pluss at det hadde teke vare på fleirtalet i originalen - det høver og med at gjerne snakk om fleire val (prioriterte språkval med meir).
Men korleis ville de ha omsett berre «Locale»? I mitt fall er «Locale» merkelappen på ein sprettoppmeny som let deg velja målform. Sjølv har eg brukt «Plass» («Plassval» er og eit alternativ). Før har eg òg prøvd «Målform» (ein kunne og tenkt seg «Målformval») – eg tykkjer «målform» dekkjer ganske bra kombinasjonen av språk pluss plasstilpassingar.
Mine fem øre.