Eg har no lagt inn ei oversikt over alle språka som finst i ISO 639-2 inn i CVS under 'skolelinux/www/i18n/kodar/sprak.xml'.
Dokumentet er ei XML-fil som inneheld følgjande for kvart språk:
- ISO 639-2/B-språkkode - ISO 639-2/T-språkkode - ISO 639-1-språkkode - Engelsk språknamn - Fransk språknamn - Nynorsk språknamn - Språknamnet på bokmål
Dokumentet inneheld 448 forskjellige språk, og 194 (43 %) av desse er omsett til norsk (nynorsk og bokmål).
Språknamna skal vera «offisielle», og er henta frå Norsk språkråd si oversikt over språknamn, samt privat korrespondanse med Vigleik Leira i Språkrådet for nokre år sidan.
Eg har planar om å konvertera språklista til HTML- og po-format, for lesing/utskrift og bruk som omsetjingsdatabase. På sikt vil eg prøva å fullføra lista, men dette kan naturlig nok ta noko tid.
Elles oppfordrar eg omsetjarar som sett om språknamn til alltid å sjekka med denne ordlista. Det er lett å setta om til feil språknamn, då fleire liknar på kvarandre.
(Eksempelvis er romansk, rumensk, slovakisk og slovensk fire forskjellige språk.)
'skolelinux/www/i18n/kodar/'-katalogen for øvrig husa fleire slike kodeoversikter. Eg har for eksempel planar om å setta om alle verdas landsnamn (ISO 3166) til nynorsk og bokmål.