Sundag 16. september 2001 17:07 skreiv Jon Grepstad:
OK. Eg las den opphavlege meldinga litt raskt. Men andre delen av ordet ("merking") bør kanskje vere den same som ein brukar for "highlighting" generelt? "Syntax highlighting" er eit undertilfelle av "highlighting".
'Merking' og 'markering' er lett å forveksla, og eg er i grunnen einig i at det her er snakk om 'markering' (evt. 'utheving'). 'Merking' vert elles brukt om det å merka tekst for t.d. kopiering.
'Utheving' er vel i grunnen eit generelt uttrykk, men ein eller annan plass (Microsoft? Word Perfect?) har eg lært at det spesifikt tyder feit skrift. Fordi eg forbind utheving med feit skrift, er eg litt nølande til å bruka 'syntaksutheving', men for alt eg veit kan det jo berre vera min vrange fantasi ;-)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes