Ordet *bump* er ført opp i fellesordlista som *dump, ujevnhet*. For *bump map* er det ført opp *bildepunktsmappe?* Altså ikkje mykje å bli klok av. I kladden min har eg brukt «biletpunktkopling» for funksjonen «bump map», dvs. å lage det samankopla biletet. Sjølve kartet «bump map» har eg kalla «biletpunktkart», av og til «mønsterkart» for avvekslinga si skuld. Som vanleg ønskjer eg innspel frå lista på forslaga mine. «Bump maping» er mykje brukt i digital bildebehandling, men har, etter det eg veeit, ingen parallellar til andre kunstarter. Dette er altså ein ny prosess som treng eit skikkeleg namn. Filtergruppa («map filters») har eg forresten kalla «avbildingsfilter» ut frå tankegangen at sett frå brukaren si side blir det eine bildet *avbilda* på det andre.
Kva er «bumpmaping»? Du har to nøyaktig like store bilde. Det eine er bildet som skal forandrast, det andre er eit «mønsterkart» i gråtoner. Kvart punkt i originalbildet blir samanlikna med tilsvarande punkt i gråtonebildet og gjort litt lysare eller mørkare ut frå gråtonen i dette bildet. Avhengig av innstillingane du har sett for prosessen, kan resultatet t.d. bli at originalbildet ser ut som eit foto av eit relieff. Prosessen er mykje brukt for å laga 3D-knappar o.l. på t.d. heimesider, men sjølvsagt også i andre samanhengar. Ref. tidlegare diskusjon: «Bump map» er omsett til desse språka slik: tysk «Bumpmap», spansk «Mapa de relieve», fransk «Repoussage d'après une carte» og italiensk «Mappa a sbalzo». (Også til russisk, men eg fekk ikkje fram alfabetet i e-posten). Helsing Kolbjørn